Krise og krisekommunikasjon
Korleis skal ein handtere ein akutt krisesituasjon, til dømes ein brann om bord i ein båt? Dette har tilsette i Olympic og Remøy Shipping fått trent på denne veka. For å bli betre på krisekommunikasjon samarbeider reiarlaga med tilsette og studentar ved medieutdanninga ved Høgskulen i Volda.
– Media er viktig i kriser
Høgskulelektor Kristian Fuglseth rosar opplegget.
– Vi har medietrening saman med ei rekkje bedrifter, men ingen stad er det betre og meir realistisk enn her i Fosnavåg.
Han har sjølv kurs for dei offshoretilsette som deltek.
– Eg prøvar å forklare at media har ei rolle å spele, spesielt for å gi rask og korrekt informasjon under kriser. Difor er det også viktig at reiarlaga spelar på lag med media i slike situasjonar, seier høgskulelektor Kristian Fuglseth til maritime.no.
Det er maritime.no som skriv dette.
Medieutdanningar ved Høgskulen i Volda.