Journaliststudentar tilbake frå krigen
Journaliststudent Karl Valestrand er ”krigsreportar” og lager fjernsyn frå konflikten som militærstyrkar frå 18 land trener på under vinterøvelsen Cold Respons i Troms.
I dette oppdikta scenariet skal FN-styrkar presse militære styrkar frå landet Mazzerati ut frå Olivia.
Her er store etniske konfliktar, paramilitære grupper, terroristar, sivilbefolkning på flukt og stor uro kring republikkar som prøver å lausrive seg frå landa dei eigentleg høyrer til.
Med andre ord er situasjonen ikkje ulik frå det ein har opplevd gjennom konfliktar i Bosnia, Kosovo og Afghanistan.
Midt opp i dette kaoset med 8.000 soldatar frå 18 ulike land, skal journaliststudentane skilje sanning frå propaganda. Dette er ei stor utfordring der partane er interesserte i å påverke opinionen for å fremme si sak.
Dei journalistiske produkta vert formidla vidare til landa sine innbyggarar gjennom tre aviser og to fjernsynsstasjonar som har oppretta eit provisoriske pressesenter i Skjold.
Omgitt av ”krig” og 8.000 soldatar i indre Troms, arbeider journaliststudent Monica Sæbø som krigsreportar.
- Mange har jobba 14 - 18 timer i strekk i kulde og mørke i et slags organisert kaos, der vi aldri veit kva som skjer. Slitsom, men moro, seier journaliststudent Monica Sæbø.
Dette er tredje gongen journalistutdanninga ved AMF deltek i opplegg som dette.
- Studentane får god trening i å jobbe under vanskelege forhold, samt at dei får ei god innsikt i korleis militære opererer og tenkjer, seier utdanningsansvarleg for journalistutdanninga ved AMF, Jan Ytrehorn.
Journaliststudent Anne Natvig (t.v) intervjuer en offiser frå dei mulitnasjonale styrkane som skal presse ut dei mazziratiske styrkane som har trengt inn i det fiktive landet Olivia.