Infostudentar markerer seg på Haustseminaret
- Noverande og tidlegare informasjonsstudentar frå Høgskulen i Volda står sentralt på Haustseminaret 2005, fortel lærar Jens Standal Groven (bilete) som også tek del i seminaret.
Kommunikasjonsforeininga samlar denne veka noreg sitt informasjons- og kommunikasjonsmiljø i Ålesund til sitt årlege Haustseminar.
Praksis i fokus
- Informasjonsmiljøet i Volda har hatt eit sterk rolle, og fleire er med som friviljuge under arrangementet.
- No er vi også opptekne av at studentane skal knyte band til verksemder som kan gje dei praksisplass.
Les meir på www.hostseminaret.no