Informasjonsmøte for DokFilm-festivalen!
Den Norske dokumentarfilmfestivalen startar arbeidet med neste års festival. – I morgon, torsdag kl. 19.00 held vi eit informasjonsmøte i Berte Kanutte, rom 157, for å setje eit nytt styre, melder Eirik Stokstad Brødholt frå festivalgjengen. Alle som er interesserte er oppmoda om å ta del, seier han.
– Det har vore ei fantastisk god erfaring å vere med i festivalstyret, seier Åge André Breivik. Han var festivalsjef for 2008. – Utruleg moro, legg han til.
– Den Norske dokumentarfilmfestivalen er ei av dei viktigaste hendingane for studentar i Volda, og grunnlaget for denne er dugnadsånd. No treng vi engasjerte studentar for å setje saman styret for Dokfilm 2009, seier han.
Les meir om Den Norske dokumentarfilmfestivalen på www.dokfilm.no