HVO på Lyd, Lys og Bildemessa
Førsteamanuensis Pål Aam og ingeniør Reidulf Botn frå Avdeling for mediefag stilte på stand for Høgskulen i Volda på Lyd-, lys- og bildemessa på Telenor Arena i tidsrommet 25. til 27. februar 2015.
Messa er den største norske messa for teknikk innan tv- og radiobransjen. Den mønstra om lag 40 utstillarar og samla eit publikum på rundt 3000 fagfolk frå heile Noreg frå mellom anna NRK, TV 2, produksjonsselskap og utdanning.
HVO delte stand med firmaet Firegrader frå Volda og Sunnmøre Kulturnæringshage. Pål Aam i midten.
På standen blei det vist utklipp frå ei rekke produksjonar frå AMF og det blei delt ut brosjyrar for dei ulike medieutdanningane i Volda.
Det blei knytt kontaktar til elevar og studentar som var innom messa, lærarar som underviser på mediefag på vidaregåande og til mange relevante bransjefolk.
– Tiltaket var nyttig og er noko som bør vidareførast, seier Pål Aam, påtroppande dekan ved Avdeling for mediefag.