Historisk tilslag på forskingsmidlar
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
Den gode julegåva Gregoriusdotter Rotevatn snakkar om er tilslaget på to forsking- og utviklingsprosjekt ved Avdeling for mediefag (AMF). Det største, som er i samarbeid med Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), får totalt ei ramme frå Norges forskingsråd på 54 millionar kroner, der Høgskulen i Volda sin del utgjer 1,7 millionar kroner.
– AMF har aldri fått så mykje midlar til eit formidlingsprosjekt før. Dette er utrolig viktig både for oss som avdeling og for høgskulen som institusjon. Eg er både stolt og glad, seier Gregoriusdotter Rotevatn.
Mat av mikroalgar
I prosjektet som har tittelen “ALGAE TO FUTURE – From Fundamental Algae Research to Applied Industrial Practice”, skal HVO stå for forskingsformidlinga. Totalt kom det inn 40 søknadar og sju fekk tilslag på midlar på til saman 130 millionar kroner frå Norges forskingsråd. HVO er med på eit av tre forskingsprosjekt som skal vidareutvikle bioøkonomien.
– Vi skal dokumentere og produsere store mengder medieinnhald i fire år om korleis mikroalgar kan nyttast til mat, drikke og i fôrproduksjon for mellom anna oppdrettsnæringa. Her er det snakk om framtidas matfat – og eit type prosjekt som mediefaga svært gjerne tek del i, fortel høgskulelektor Kristian Fuglseth, som er HVO sin ansvarlege i prosjektet.
Kristian Fuglseth, høgskulelektor ved Avdeling for mediefag og prosjektansvarleg for HVO.
Brei samansetting
Dette er det største mikroalgeprosjektet i Noreg og noko Fuglseth og kollegaane gler seg til å arbeide med i dei neste fire åra. Også studentane ved AMF vil verte involvert i prosjektet og få nyttig erfaring – noko høgskulen er kjend for gjennom mange år.
– Søknadsprosessen har vore omfattande, men fordelen ved AMF er at vi har eit komplett formidlingsmiljø frå animasjon, dokumentar, radio, nye digitale media, journalistikk, design og PR og kommunikasjon. Dette gjer at vi kan involvere studentar og deira praksis og topp utstyr i arbeidet med å få forskingsresultata ut til publikum, seier Fuglseth.
Samansettinga av tilbod og tilsette ved AMF ser også Gregoriusdotter Rotevatn på som ein nøkkel i denne suksessen.
– Vi har toppforskarar, men også flinke praktikarar. Eg er utrolig stolt over den gjengen som arbeider med dette, seier dekanen.
Virtuell verkelegheit
Då tenker ho også på dei som det neste året skal arbeide med prosjektet «Utvikling av redaksjonelle VR-produksjoner». Det er eit samarbeid mellom Sunnmørsposten, Teknisk Ukeblad og HVO, som har fått 200 000 kroner frå Norges forskningsråd gjennom VRI Møre og Romsdal.
VR, enkelt oversett til virtuell verkelegheit, vil prege medieverden i framtida. VR-film er ein interaktiv video i 360 grader, som er aktiv. Ein kan bruke VR-briller eller ein «cardbox» som ein festar til mobiltelefonen, og når ein då bevegar på hovudet, brillene eller skjermen, så bevegar også bildet på seg. Denne forma for teknologi har ein arbeidd mykje med det siste året ved HVO, spesielt gjennom emnet Web Documentary som førsteamanuensis Ana Luisa Sanchez Laws og høgskulelektor Tormod Utne har stått bak. Dei vert også sentrale i dette forskingsprosjektet, der ein skal finne ut meir om bruken av denne teknologien i journalistikken ved å teste og ha følgeforsking undervegs.
Førsteamanuensis Stephen Barrass fra Universitetet i Canberra i Australia testar ut VR-briller og får se ein video om vikingetida, som er den første piloten HVO gjer ilag med Sunnmørsposten om VR-journalistikk.
Teknisk Ukeblad er det fremste mediehuset på dette feltet i Noreg og Sunnmørsposten har også arbeidd ein god del med det. Dei skal no nytte seg av dei resultata ein kjem fram til ved HVO, der også studentprosjekt i emnet Web Documentary vil spele ei sentral rolle.
Framtidas journalistikk
Målet er å skape ein mal for redaksjonelle VR-produksjoner som region- og lokalaviser kan nytte seg av. Lykkes ein med å skape eit godt produkt, ser ein også for seg at det kan opne seg ein internasjonal marknad.
– Det er kjekt at vi vart valt som partner i dette prosjektet. Det siste året har det vorte arbeidd mykje med denne type formidling av journalistikk. I framtidas, og delvis også i dagens, journalistikk er det slik at tekst, ulike videoformat og lyd vert smelta saman og dannar eit produkt saman. Vi skal framleis drive med journalistikk, men på ein litt anna måte. Difor er det spennande for oss å få ta del i dette prosjektet, seier Gregoriusdotter Rotevatn.
Førsteamanuensis Ana Luisa Sanchez Laws og høgskulelektor Tormod Utne har arbeidd mykje med VR-teknologi i journalistikken det siste året og vil verte viktig i den vidare forskinga på feltet. Foto: Dag Roland
Ein har også fått satsingsmidlar internt frå høgskulen for eit senter for avansert digital journalistikk frå neste år.
– Det norske publikum er utruleg tidleg ute med å ta i bruk nye verktøy og da er det viktig å vere i forkant. Når nokon filmar med 360 graders-kamera i til dømes Aleppo, kan ein sitje i Noreg med VR-briller og bevege seg inn i byen, seier den entusiastiske dekanen.
HVO har gjennom 2016 også samarbeida med mellom anna Google om denne type teknologi.
Jul uten ferie?
Med to så store og viktige prosjekt i emninga ser ho og hennar undersåttar fram til eit nytt år.
– 2017 vert året det verkeleg skal skje her på AMF. Vi får sjå kor mykje juleferie det vert på oss, smilar Gregoriusdotter Rotevatn.
I tillegg til AMF vil også Avdeling for kulturfag gjennom sitt Media, IKT og design-miljø bidra inn i prosjekta.