Halve klassa har alt fått jobb

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I det sjette og siste semesteret i den treårige utdanninga i PR, kommunikasjon og media har studentane åtte vekers ekstern praksis, og fredag 20. mai presenterte 3. årsstudentane praksisrapportane sine for klassekameratar og fagleg tilsette.

– I praksisperiodane får vi verdfullt innsyn i korleis offentlege og private verksemd jobbar med ekstern og intern kommunikasjon, vi får teste ut teori og vi knyter kontaktar med tanke på jobb, seier Matea.

10bb07ac856b4f932161d5815a2af1b3

Studentane rapporterer om praksis i store internasjonale og nasjonale firma, i ulike delar av offentleg sektor, i ideelle organisasjonar og politiske parti. Her ser vi Matea Skjong Grøvik fortelje om sitt praksisopphald i Warner.

Halve klassa har  fått jobb

Det er tydeleg at PR-studentane frå Volda gjer eit godt inntrykk på mentorane sine og nyttar praksisperiodane på ein god måte. I eit kull på nær 30 studentar har halvparten fått jobb eller engasjement som er relevante for kommunikasjonsutdanninga i Volda.

ed5136083d72bde372715e60b2d4b370

PR-studentar med jobb. Frå venstre: Eirik Grimsmo (Flyktningehjelpen), Vetle Andersen (Släger kommunikasjon), Thea Skyvulstad (Arbeidarpartiet), Pia Sofie Øye (Havnevik), Matea Skjong Grøvik (Wagner) og Maja Håbet (Tibe).

Del på