Første mediemaster i sitt slag

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

 – Dette er ein stor dag for Avdeling for mediefag og Høgskulen. Eg vil faktisk seie det er det største som har skjedd avdelinga, seier dekan Sverre Liestøl. Han viser til at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) no har godkjent masterprogrammet.

f2b91fc443250e50ff8f00a7e37a46a7cb54eb69

Dekan Sverre Liestøl.

Langsiktig arbeid
Liestøl legg til at godkjenninga av den nye mastergraden er eit resultat av eit langsiktig arbeid av dei tilsette på avdelinga og Høgskulen.

– Det har lenge vore eit mål for oss å kunne tilby ein mastergrad i dokumentar og journalistikk i Volda. Både studentar og mediebransjen har uttrykt ønskje om ei slik fordjuping, og vi har alt fått telefonar frå interesserte studentar, fortel han.

Fordjuping
Mastergraden er ein vidareutvikling av årsstudiet i Dokumentarfilm og fjernsynsreportasje. Master i dokumentar og journalistikk vil legge opp til meir teori og analyse, vitskapsteori og undersøkande journalistikk. I tillegg blir det naturlegvis ei eiga masteroppgåve. Mastergraden vil også kvalifisere for doktorgradsstudium.

Etter at NOKUT har godkjent masterprogrammet ventar Høgskulen no berre på Kunnskapsdepartementet si godkjenning til å starte opp studiet til hausten.


Master i dokumentar og journalistikk 

Framsidefoto: Hanne Marie Molde 

Del på