Første internasjonale studentradio på nett …

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dette kan verte den første studentradioen med sendingar som også passer for internasjonale studentar, fortel Geir Holen i Studentradioen i Volda.
- Vi ynskjer å få til et program for framandspråklige studentar, eit program som skal gå på engelsk. Så vidt vi veit så vert dette Noregs første studentradioprogram på engelsk.

INFOMØTE TORSDAG kl. 19.00 i BK-kantina
Sendingane vil starte opp om 2-3 veker, men torsdag denne veka skal det vere informasjonsmøte for alle som vil være med.

Sprek radio for alle
- Ein treng overhovudet ikkje kunne noko som helst om radio eller media for å bli med! Vi treng folk som er morosame, som kan skrive sketsjar, kan selje annonsar, veit ekstra mykje om ein artist, kanskje noen vil snakke om dataspel eller brettspill eller rett og slett berre har ein ide som vi kan lage radio ut av.

- Tidligare har vi sendt på TV-frekvensen til Nærsynet, men i år kjem vi til å berre nytte nettradio – så det er også litt nytt.
- Det som er viktig for oss, er at studentradioen ikkje vert ei "media-greie" der berre studentar ved AMF er med. Vi håpar at studentar frå alle avdelingane har lyst til å vere med, og faktisk møter opp torsdag, oppfordrar Geir.



Del på