Forskingsstøtte til Avdeling for mediefag
JOSAM-prosjektet fekk tildelt 180 000 kr til "Ei nyhendeveke i Noreg". Dette delprosjektet vert leia av Ivar John Erdal, dr.polit. frå Universitetet i Oslo og no forskar ved Avdeling for mediefag. Han skal undersøke kva slags nyhende som blir publisert i løpet av ei veke i Noreg.
I november 2010 skal Avdeling for mediefag for første gong arrangere Norsk medieforskarkonferanse. Dette er ein nasjonal konferanse som blir arrangert annakvart år og som samlar over 100 deltakarar. Konferansen er lagt til Ålesund. Førsteamanuensis Erling Sivertsen er leiar for planleggingsgruppa, og dette prosjektet fekk 50 000 kr i støtte.
Stipendiat Pål Aam, som også er knytt til JOSAM-prosjektet, fekk 80 000 kr i støtte til "Hypernytt - Praktisk utprøving av hypervideo i TV-nyheiter". Han skal samle inn data i samband med doktorgradsarbeidet sitt.
Meir om Rådet for anvendt medieforsking (RAM) og tildeling for 2010.