Figurar, ansikt og plassar i Berte Kanutte-huset
- Vi har dokumentert Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda, fortel Qian Shi (21) og Daniela G. Philipp (27). Dei to er studentar ved animasjonsutdanning, og har laga ein film som er sett saman av tusenvis av enkeltfotografi med ein heilt spesiell teknikk.
- Vi har nok brukt seks, sju veker på produksjonen, først all tida, natt og dag, med fotografering, deretter mykje studiotid for å setje saman dei enkelte fotografia, fortel Qian.
- Tusenvis av enkeltfotografi måtte til for å skape filmen, så dette tek mykje tid, smiler Daniela. Ei filmramme består gjerne av to-tre bilder.
Qian Shi (t.v.) og Daniela G. Philipp framfor Berte Kanutte-huset
Qian Shi (21) er frå Beijing, og er utvekslingsstudent frå Beijing Broadcasting University. Daniela G. Philipp (27) er frå Kroatia og er utvekslingsstudent frå Zagreb Academy of Fine Arts.
- Filmen har ei skildring som grunnar i arkitektur, og eignar seg slik godt som presentasjonsfilm. Figurar, ansikt og plassar er tema, med utelukkande bruk av originalt lys. Der er ikkje nytta spesielle effektar i det heile, plass og lys er effektar i seg sjølv, fortel dei.
Filmen vert mellom anna nytta her på HVO-veven i studiestarten 2005.