Fagdag ved informasjonsutdanninga
Utdanningsansvarleg Torgeir Dimmen fortel at første del av dagen er avsett til fagkritikk med innlegg frå studentane og diskusjon av dei ulike delane av bachelorutdanninga.
Etter lunsj blir det innlegg frå tre inviterte gjester, som alle har tatt informasjonsutdanning ved HVO på 90-talet: Kari Løken er no informasjonssjef ved Tafjord Kraft.
Severin Roald er rådgjevar i PR-byrået Burson-Marsteller.
Thomas Skjennald er redaktør i informasjonsfolket sin interesseorganisasjon Norsk kommunikasjonsforening.
Deira presentasjonar av eiga verksemd og eigne erfaringar vil gi eit godt innblikk i den arbeidsmarknaden som ventar dagens studentar.
Dimmen fortel at informasjonsutdanninga hadde eit tilsvarande arrangement i fjor, med gode tilbakemeldingar både frå studentar, faglærarar og avdelingsleiing.
Han vonar at fagdagen også i år vil gi godt utbytte, og ser fram til mange spennande innlegg og frisk debatt om ideal og realitetar i infofaget.
Les meir om informasjonsutdanninga