Etterspurd kompetanse frå Volda
- Informasjonsstudiet i Volda er godt kjend i det norske kommunikasjonsmiljøet. Arbeidsmarknaden er god og det lovar godt for dei som utdannar seg på dette feltet, understreka Thomas Skjennald fra Norsk kommunikasjonsforening. Saman med Severin Roald frå Burson-Marsteller og Kari Løken frå Tafjord Kraft deltok han på fagdagen for informasjon torsdag 8.2.
Dei tidlegare HVO-studentane, Severin Roald og Thomas Skjennald fortalde mellom anna om sine erfaringar i yrkeslivet etter fullført informasjonsutdanning i Volda.
På fagdagen fekk studentar ved bachelorutdanninga i informasjon og media, betre innsikt i korleis kvardagen til ein informasjonsarbeider kan sjå ut. Skjennald, som til dagleg er fagsjef for kommunikasjon og kompetanse i Norsk kommunikasjonsforening, fortalde at utdanningsnivået til medlemmane blir stadig høgare. Over 90 % har no 3-5 års høgare utdanning. Foreininga sine 2700 medlemmar er omtrent jamnt fordelt mellom jobbar i privat og offentleg verksemd.
Severin Roald fortalde om korleis det er å arbeide som rådgjevar i et travelt informasjonsbyrå, med mellom anna Nokia som kunde.
Kari Løken, som var med på eit av dei første kulla då informasjonsutdanninga starta opp i 1991, arbeider no som informasjonssjef i Tafjord Kraft. I sitt innlegg la ho vekt på at det er viktig å ha allsidig kompetanse uansett kva felt ein skal arbeide med innanfor informasjonfaget.