Eksamensfilm frå HVO vart suksess

Torsdag 2. mars vert filmen "Mitt elskede barn" vist på Volda filmteater kl. 18.00 med regissøren tilstades. Denne filmen er ein utvida versjon av Brit Jorunn Hundsnes sin eksamenfilm ved Høgskulen i Volda. Filmen har fått ei rekkje internasjonale filmprisar.

”Sterk norsk dokumentar om incestoffer som drepte sin far” var konklusjonen til Dagbladet sin meldar, som gav filmen terningkast fem.

- Filmen fekk den beste karakteren som er gitt ved studiet i Fjernsynsreportasje og dokumentar, då regissøren, Brit Jorunn Hundsnes gjekk opp til eksamen med eksamensversjonen av denne filmen i 2002, seier utdanningsansvarleg Hans Martin Dypvik ved Avdeling for mediefag. Hundsnes arbeidde i lang tid vidare med filmen og utvida den med 30 minutt.

Mitt-elskede-barn-210

I filmen møter vi Sigrid Beate Edvartsen, dei siste dagane før ho skal inn å sone på Bredtveit kvinnefengsel for å sone ein dom på sju år får å ha drepe faren sin.

Gjennom oppveksten vart Sigrid Beate utsett for seksuelle overgrep av faren.  Ein sommarkveld i 2000 vil ho symje ut i sjøen ved Holmestrand og aldri kome attende. I staden snur ho, og i eit basketak med faren sin, vert han drepen.

I filmen fortel ho ope om den vanskelege barndomen sin. Me fyl henne, sambuaren Torbjørn, sonen Tobias og mor hennar i tida før ho skal inn på soning. Som dokumentarist let Hundsnes oss kome nær innpå både den som har vore utsett for overgrep, og dei næraste pårørande.



Del på: