Einaste i landet med markant framgang

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

39869463f607bc37946fc71d43ff0435
Journalistikkstudentar som i vinter jobba under Ungdoms-OL i Lillehammer.

Søknadsfristen for Samordna opptak (SO) gjekk ut 15. april og i dag vart søkartala presentert. For Journalistikkutdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO) verte det ein liten merkedag. Etter at talet på førsteprioritetssøkarar har gått ned dei siste fem åra i takt med tronge tider i mediebransjen, snur trenden i år. Søkartala til utdanninga aukar med 11 prosent samanlikna med fjoråret.

Nest størst i kamp med storbyane

Det er ei utvikling som ikkje er lik dei andre statlege institusjonane sine bachelorprogram i journalistikk. Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er på same nivå som i fjor, Universitetet i Bergen (UiB) har ein tilbakegang, Universitetet i Stavanger har også færre førsteprioritetssøkarar i år enn i fjor, medan Nord universitet har ein minimal oppgang.

Med det går HVO forbi UiB i talet på førsteprioritetssøkarar, og berre HiOA har fleire.

– Det er interessant å sjå at vi er meir populære enn fleire av storbyane. Det lover godt for Volda som sjølvstendig høgskule, meiner dekan ved Avdeling for mediefag, Pål Aam.

Godt rykte

HVO har før studieåret 2016/17 delt opp journalistikkutdanninga i to, der den eine har spesialisering i avis og nett og den andre i tv og radio.

Aam er glad for igjen å oppleve ein oppgang i søkartala, men er ikkje overraska over at journalistutdanninga i Volda står seg godt målt mot andre.

– Vi lever på eit godt rykte. Studentane våre får seg jobb og dei verte tatt godt imot i bransjen, seier Aam, før han legg til:

– Når vi spør studentane våre om kvifor dei søkte seg til Volda, får vi ofte til svar at dei har vorte anbefalt det av journalistar eller nokon som har studert her.

Nøgde studentar

Journalistikkutdanninga i Volda er kjent for å vere praksisretta. I år har studentar vore med på å dekt både Ungdoms-OL i Lillehammer og VM i skiskyting i Holmenkollen. Pål Solheimsnes var ein av studentane som fekk reise til Lillehammer i vinter.

– Det seier mykje om respekten journalistutdanninga i Volda har, og jobben tidlegare studentar har gjort. Eg meiner Volda er det beste du får innan journalistutdanning no, og det er vel også derfor vi er her, sa Solheimsnes under leikane.

Tala frå den nasjonale kartlegginga Studiebarometeret, som det statlege kvalitetssikringsorganet NOKUT står bak, viste at journalistikkstudentane i Volda var mest nøgd med utdanninga si målt mot dei andre i 2015. Dei ga totalt sett karakteren 4,8 av 5 moglege på heilskapsvurderinga av utdanninga.

– Vi har ein god stab som held seg oppdatert og gir ei framtidsretta utdanning med kvalitet, seier dekan Aam.

pressefoto

Journalistikkstudentar

Del på