Effektive mediestudentar dekkjer lokalvalet
Knappe tre veker etter studiestart er mediestudentane ute med den første Næravisa. - Dei har verkeleg stått på for å få ut dette nummeret, som i stor grad dekkjer lokalvalet i Ørsta og Volda, fortel førsteamaniensis Erling Sivertsen ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
- Å produsera ei avis som dekkjer valet grundig er ei utfordring, kommenterer Erling Sivertsen ved Avdeling for mediefag.
Mediestudentane ved Høgskulen i Volda kan skilte med ei utgåve av Næravisa tett opp under det føreståande valet, og det knappe tre veker etter semesterstart.
- Næravisa vert distribuert på veven og hjå lokal forhandlarar, fortel Sivertsen. Det gjer at den representerer ein viktig kanal for bygdefolket.
- Mediestudentane kjem frå store delar av landet, difor kan stoffet ofte vere nyansert frå interessante vinklar i forhold til slik vi ser ulike saker lokalt, seier Sivertsen.