Dokumentarfilm vekkjer liv i lokalhistorie

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det har vore mykje arbeid for Hilde Ranheim den siste tida. Med godt arkivmateriale i botnen har ho visualisert skjebnesdagen 19. februar 1968, då fleire meter djup snø raste i Risegrenda, på Langstøyl i Follestaddalen, Sledalen, Finnes, på Hjorthol i Velledalen, Stenes, Skår og på Urke.

Hilde har valt å dokumentere hendinga i Risegrenda, og med god hjelp frå sambygdingar er filmen no ferdig - til minne for etterkomarar og all framtid.

– Dokumentaren viser omfanget av skadane og korleis ulykka har påverka lokalmiljøet. Filmen byggjer på bilete, opplevingar, filopptak og mediaoppslag frå åra kring 1950-60. Det har vore tøft for mange å hente fram igjen historia, men dei fleste har vore positive til å stille i filmen, fortel Hilde.

Tette band til Sunnmøre
Etter tre år som bachelorstudent på media, IKT og design ved høgskulen auka interessa for film, og Hilde valde å halde fram med vidareutdanning innan dokumentarfilm.

– Eg har alltid likt å formidle historie gjennom film, og med vidareutdanning har eg fått utøve meir i praksis. I tillegg har eg blitt veldig glad i Volda og Sunnmøre og eit år til i området har vore perfekt. Planen framover er å nytte dokumentarfilmstudiet i ein framtidig master, og deretter halde fram innan tv og fjernsynsreportasje.

1d1cdb8263564510c3a80e805609997b38a8a049
Student Hilde Ranheim i samtale med Ragna Riise - ei dame med ei sterk historie å fortelje. (Foto: Knut J. Riise)

Gjennom studietida har Hilde hatt mange flotte toppturar. Det har gjort henne kjent med kulturen og lokalhistoria til bygdene rundt om på Sunnmøre.

– Eg fekk fortalt historia om Riseulykka etter ein fjelltur og fekk sjå ei gamal steintrapp som brann seg til minnet. Eit av prosjekta på studiet er å lage dokumentarfilm, og då vi skulle lage eksamensfilm tenkte eg med ein gang på Rise. Eg har kanskje fått eit romantisk bilete av lokalsamfunnet før ulykka, men for meg er det eit viktig perspektiv. Det var eit spesielt  og lite samfunn der ordet einsam ikkje eksisterte. Sambygdingane budde tett  og miljøet var godt. Filmen formidlar også kva denne staden var før 19. februar 1968. Det er viktig for heilskapen, slik at ein veit kva som faktisk gjekk tapt, seier Hilde.

Spent regissør
Hilde venter i spenning på morgondagens premiere. Sjølv om filmen har hausta strålande  tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar,  er ho spent på mottakinga den vil få i lokalmiljøet.

– Eg er fornøgd! Historia er sterk, og vert fortalt på 33 minutt. Hadde eg hatt ein time til råde ville heilt klart fleire detaljar vore med. Tusen takk til alle som har medverka og delt si historie. Det vert tre visningar på laurdag, kl. 13.00, 15.00 og 17.00, og deretter på søndag kl. 12.00, 14.00 og 16.00. Håper mange tek turen til Hjørundfjorden!

Les meir bachelor i media, IKT og design, vidareutdanning i fjernsynsreportasje og dokumentar, Hjørundfjorddagane 2010 og Riseulykka 1968.

Del på