Den første utdanningsinstitusjonen med DAB-sendingar

Høgskulen i Volda har fått 300.000 kroner frå Medietilsynet til å setje opp ein DAB-sendar, som gjer at studentane i Volda blir dei første i landet som skal sende radioprogram gjennom den nye DAB-teknologien.

b65b0bac6eb7b8e763b596991e46a537

For NRK sløkte FM-nettet i Møre og Romsdal 8. februar. Den same prosessen er ein i gang med i resten av landet –  noko som også vil gjelde dei kommersielle radiokanalane. Med den nye DAB-teknologien blir sendingane digitale, og denne utviklinga skal Høgskulen i Volda no vere med på.

– Dette er ein fantastisk dag for Høgskulen i Volda. Det er svært viktig for oss at journalistikken våre studentar produserer, når publikumet lokalt i vår region, seier dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Unik posisjon

DAB-sendaren vil bli brukt til å kringkaste sendingane til Radio Volda – kanalen som journalistikkstudentane nyttar når dei har interne praksisperiodar.

– Vi er i ein unik posisjon i Norge med ordentlig radiokanal. Andre høgskular og universitet har øvringsradioar som vert sendt på nettet, medan vi har ein eigen kanal som når ut til radioane til folk. Difor vert det ei litt anna kjensle for våre studentar, og det er også viktig for lokalsamfunnet at dei får høyre den journalistikken vi lagar. Dette viser at høgskulen er med i tida, meiner høgskulelektor og radiolærar ved Høgskulen i Volda, Jørgen Lyngvær.

Studentradioen er med

I tillegg vil dette gagne Studentradioen som vert drive på frivillig basis av studentar utanom undervisning. Når Radio Volda ikkje har sendingar i praksisperiodane vil dei kunne nytte DAB-sendaren.

–   Det er ein enorm interesse rundt Studentradioen for å lage god radio der. Dei har sendingar frå 16.00 til 23.00 kvar dag og det er gledeleg at også dei vil kunne nytte seg av DAB-sendaren, seier Lyngvær før han legg til at det også vil vere aktuelt å la andre lokale radionkanalar låne DAB-sendaren.

Klart til hausten

Det er Jærradiogruppen som har konsesjon for Sunnmøre. Høgskulen i Volda har fått løyve til å sette opp ein lokal sendar i deira konsesjonsrområde, og har bestemt at sendaren skal opp på Helgehornet i Volda.

– Vonleg har vi DAB-sendaren klar til hausten 2017, seier Lyngvær.

Overgangen frå FM til DAB vil ikkje få noko å seie for produksjonen av radio for studentane.

Del på: