Dave King på eksklusiv liste
Dave King, førelesar ved animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda, var med på å lage musikkvideoen «Hold Me, Thrill Me, Kiss Me, Kill Me» for det det irske rockebandet U2. No har det amerikanske magasinet Rolling Stone har kåra videoen til ein av tidenes beste animerte musikkvideoar.
Dave King underviser i animasjon ved Høgskulen i Volda, og er medeigar av det nye selskapet Raindog Studios AS i Volda.
– Eg var såkalla Co art director for videoen som vart produsert for U2 i 1995. Låta er frå spelefilmen Batman Forever, seier ein overraska og glad Dave King.