Avislærar Nilsson skal skrive opera
Nilsson har i stort mon verka som kulturarbeidar, så dette er ikkje første gongen han gjev seg i kast med denne typen arbeid. For tida er han òg aktuell som forfattar av biografien om Per Oddvar "Prots" Hildre.
Nilsson har dessutan skrive ei rekkje kjende songar for artistar som Sissel Kyrkjebø, Jørn Hoel, Tor Endresen, Anita Skorgan, Hanne Krogh, Karoline Krüger, Anne-Lise Gjøstøl, Lynni Treekrem, Elisabeth Andreasson, Arja Saijonmaa og Frode Alnæs.
Og det er sistenemde artist, Frode Alnæs, som skal tonesette operaen.
- Det er viktig for meg å kome raskt og godt i gong med arbeidet, som skal resultere i ei to timars oppsetjing. Før eg får gjort mitt med teksten, kjem nemleg ikkje komponist Frode Alnæs skikkeleg i gong, seier Nilsson.