Animatørar i verdsklasse kjem til Volda
Phil Mulloy er kjent for sine provoserande og svært direkte teiknefilmar der han kommenterer skeivskapar i samfunnet og harselerer med det meste – rock’n’roll i animasjonsformat.
Vera Neubauer, eigentleg frå Tsjekkia, er kjend for sine høgst personlege filmar med feministisk ståstad i tillegg til mange oppfinnsame barnefilmar som skil seg klart ut frå det som til vanleg blir vist på barne-TV.
Paul Bush har vore i Volda før – på dokumentarfilmfestivalen for nokre år sidan. Då som no vil han vise nokre av sine eksperimentelle animerte dokumentarfilmar for publikum i Volda.
Alle 3 har vore sentrale i det internasjonale animasjonsmiljøet dei siste 20 åra.
Møt opp på Rokken laurdag
På fredag skal dei treffe animasjonsstudentane på høgskulen, men laurdag ettermiddag vil alle interesserte kunne møte dei og sjå filmane dei har laga på Rokken. Der vil også eksamensfilmane frå animasjonslina i vår bli vist.
Vi håper rett mange vil nytte dette høvet til ei annleis filmoppleving.