Animasjonsfestivalen: Gimpville vann pris for beste industrianimasjon
Gimpvillevann prisen for beste industrianimasjon med filmen Crossing energy frontiers som dei laga for Statoil
Også informasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group seier at industrianimasjon er eit viktig hjelpemiddel som vil tilføre deira produkt og tenester betydeleg effekt.
Alt er nyskaping
Animasjonsfilmane skaper bilete og inntrykk som er umogleg å få frå levande film.
Det ligg mykje arbeid bak vinnarfilmen, og vi måtte ty til nyvinningar heile tida, fortale Simon Nyhus i vinnarselskapet Gimpville til NRK.
– Vi har heile tida vore nøydde til å finne smarte og nye løysingar for å få alt til å henge i hop, seier Nyhus i fjernsynsintervjuet.
Seminar om industrianimasjon
Prisen for industrianimasjon var delt ut i samband med www.animationvolda.com.
Torsdag denne veka arrangerte animasjonsfestivalen eit seminar på Volda Turisthotell med tittelen "Industrial Animation, Boring Information or Communication Art".
Målgruppa for seminaret var både filmskaparar og mediefolk, og næringslivet lokalt og nasjonalt.
Seminaret var eit VRI-prosjekt
Høgskulen i Volda og mellom anna animasjonsmiljøet har gjennom VRI-prosjekt (Virkemidler for regional FoU og innovasjon) arbeidd for kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping mot maritim industri. Les om fleire samarbeidsprosjekt som studentar og fagmiljøa i Volda har med den maritime næringa.