40-årsmarkering ved Avdeling for mediefag
I desse dagar feirar Avdeling for mediefag - eller medielinja ved Høgskulen i Volda, 40-årsjubileum. Studentar og tilsette har hatt markeringar og oppsummeringar ved fleire høve. Denne veka markerte PR-utdanninga sin del av jubileet ved avdelinga, med kaker og filmvising.
Pensjonist Øystein Sande og førsteamanuensis Torgeir Dimmen ved PR-utdanninga si markering. Sande og Dimmen var vore del av informasjon- og kommunikasjonsmiljøet ved Avdeling for mediefag som lærarar og student (Dimmen) sidan starten. Berete Brenne og Jens Standal Groven i bakgrunnen.
PR-utdanninga leitte opp ein informasjonsfilm som var laga til nye studentar frå tidleg åttital og feira 40-årsjubileet med kaker og foredrag.
Men allereie i sommar hadde tidlegare journaliststudentar alumnisamling i Volda. Journalistutdanninga markerte i tillegg jubileet for noverande studentar og tilsette sist veke.
Medielinja ved Volda Distriktshøgskule (DH) starta i 1971. Då var informasjon og media ei av valretningane, saman med film og fjernsyn, avis og radio. Informasjonsutdanninga hadde første opptak av studentar på eige program i 1984.