Vil betre yrkesrettinga i skulen
FYR-SEMINAR FOR PPU FELLES FAGDIDAKTIKK
FYR står for fellesfag, yrkesretting og relevans. Seminaret er ein del av undervisningstilbodet i Felles fagdidaktikk til studentar som tek Praktiskpedagogisk utdanning ved høgskulen, men alle interesserte er hjarteleg velkomne.
Hovudmålet med seminaret er å bidra til at framtidas lærarar og utdanningsinstitusjonar har brei kompetanse i arbeidet med å styrke elevars motivasjon for læring og gjennomføring av vidaregåande opplæring.
FYR-satsing
Hausten 2011 starta Kunnskapsdepartementet FYR-prosjektet med mål om å betre yrkesretting og relevans i fellesfaga på yrkesfaglege utdanningsprogram. I perioden 2014-2016 har Utdanningsdirektoratet hatt ansvar for satsinga som eit eige prosjekt, og fylkeskommunane har hatt eigne FYR-koordinatorar som har arbeidd med å fremje kompetansen for lærarar ved alle vidaregåande skular i landet. Prosjektet har hatt som mål å sikre at elevar får ei opplæring i fellesfaga matematikk, norsk, engelsk og naturfag som vert erfart som relevant for skulekvardagen og eit framtidig arbeidsliv. Fagseminaret vil gi ei innføring i FYR-satsinga, og gjere greie for kvifor prosjektet har vore viktig. No har Møreforsking ved seniorforskar Lidun Hareide, og programansvarleg for fagseminaret, fått i oppdrag å gjennomføre ei evaluering av FYR i Møre og Romsdal.
Erfaringsdeling
Til fagseminaret kjem fleire sentrale aktørar frå næringslivet. Kjersti Kleven, medeigar og styreleiar i skipsbyggingskonsernet Kleven, er mellom dei som vil dele erfaringar frå arbeid med å fremje yrkesretting i skulen. Ho har gjennom sitt arbeid i Ludviksen-utvalet mellom anna engasjert seg for å sikre næringslivets kompetansebehov for framtida, og næringslivet som læringsarena.
Representantar frå Utdanningsdirektoratet, utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Nasjonal digital læringsarena, vidaregåande skular og Høgskulen i Volda vil saman med aktørar frå næringslivet kunne sjå problemstillingane frå ulike synsvinklar. Slik ønskjer Høgskulen i Volda å vidareutvikle ein kultur for samarbeid mellom skular og næringsliv for å betre yrkesrettinga i opplæringstilbodet.
Program:
09.00 Til dagsorden v/programansvarleg Lidun Hareide, seniorforskar v/Møreforsking
09.10 Velkommen ved prorektor
09.15 Kva er FYR, og kvifor er dette viktig? Lone Lønne Christiansen, ansvarleg for FYR i Utdanningsdirektoratet
09.45 Kva seier skuleeigar i Møre og Romsdal om FYR? v/Hilde Meringdal, FYR-ansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune
10.00 Pause
10.15 FYR-satsinga sett frå frå Maritim Foreining Søre Sunnmøre (MAFOSS) v/Jan Thormodsæter
10.35 Kva kompetanse ser bedriftene etter når dei tilset fagarbeidarar? v/Anne Holstad, HR-direktør i Jets Vacuum AS
10.50 Kompetanse for framtida v/Kjersti Kleven, styreleiar Kleven Verft AS og medlem i Ludviksen-utvalet for framtidas skule
11.00 Pause
11.15 Tilpassa opplæring i eit FYR-perspektiv v/Terese Aarsund Myklebust, FYR-koordinator i Møre og Romsdal, lektor v/HVO
12.00 Lunsj
12.30 Nasjonal digital læringsarena, NDLA, orienterer om si FYR-satsing.
13.00 Korleis jobbar vi med FYR i praksis? FYR i alle fag v/Terese Aarsund Myklebust
Mini FYR-skulering
Norsk: Terese Aarsund Myklebust og Pernille Fiskerstrand, lektor v/HVO2
Realfag: Mette Sunde Kleive, FYR-koordinator, tilsett v/Borgund vgs., Erik Fooladi, førsteamanuensis v/HVO, Naturfagsenteret
Samfunnsfag: Kari Hasle, lektor v/HVO
14.50 FYR-prosjektet er avslutta, utfordringane lever vidare
v/Lone Lønne, Udir.
15.00 Slutt