Velkommen til Ut i jobb-dagen 2013

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Det er eit stort behov for kvalifisert arbeidskraft i barnehage og skule. Studentane våre er attraktive på arbeidsmarknaden, seier studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

7c2b4104cd3fe8665c4a5af284db428f98df6ef6

Studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim.

Seminar om rekruttering

«Ut i jobb-dagen 2013» er todelt. Dagen opnar med eit seminar for skuleeigarane. Seminaret set fokus på kva kommunane kan gjere for å sikre kompetanse og kvalifiserte lærarar og førskulelærarar framover. 

Dagen startar med opning og informasjon frå HVO om dei nye lærarutdanningane for barnehage- og grunnskulelærarar (GLU 1-7 og 5-10), samt PPU for trinn 8-13. Deretter vil KS setje fokus på korleis bli ein betre barnehage- og skuleeigar, og kva verkty som er tilgjengeleg for kommunane og fylkeskommunen i dette arbeidet. Til slutt vil professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda ha eit innlegg om lokalisering av høgre utdanning og tilgang på førskulelærarar og lærarar i Møre og Romsdal. 

Møteplass for studentar og arbeidsgjevarar

Det er tydeleg at kommunane både i Nordfjord og Møre og Romsdal ser på arrangementet som ein viktig møteplass for rekruttering og for å skape interesse for skulen og barnehagen som arbeidsplass. Mellom dei som har meldt si interesse for å ta del, er både ordførarar, rådmenn, einingsleiarar med ansvar for rekruttering, rektorar og representantar frå arbeidsorganisasjonane.

– Det å skape ein møteplass mellom HVO-studentar og framtidige arbeidsgjevarar er ein veldig god og spennande tanke. Meir aktive partnarar er avgjerande viktig for å sikre rekruttering til læraryrket framover. Kommunane står overfor eit generasjonsskifte når det gjeld lærarar i skulen, og fleire enn høgskulen må ta ansvar for å sikre rekrutteringa, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

Messe og møteplass

Etter lunsj vert messeområdet i Berte Kanutte-huset opna for utstillarar og HVO-studentar. Dei ulike kommunane får eit godt høve til å presentere seg og informere studentane om kompetansebehov og snakke om kva dei kan tilby nye medarbeidarar. Høgskulen i Volda har om lag 400 studentar knytt til førskulelærarutdanninga, allmennlærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

GNIST

GNIST er ein nasjonal dugnad i regi av Kunnskapsdepartementet for å utdanne, rekruttere og halde på dyktige lærarar. Det er det såkalla GNIST-partnarskapen i Møre og Romsdal med fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylke, Kommunenes Sentralforbund (KS), Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda som står bak «Ut i jobb-dagen 2013».

Lærarmangel

Behovet for gode lærarar i skulen er stort, og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Med ei lærarutdanning frå Volda er ein i praksis sikra jobb.

Tidlegare rektor ved HVO og samfunnsforskar Jørgen Amdam peikar på at 30 prosent av lærarane i fylket er over 55 år. Mange nærmar seg altså pensjonsalderen. Ifølgje Amdam er det behov for om lag 300 nye lærarar berre i Møre og Romsdal kvart år.

Også Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal er uroleg over lærarmangelen.

– Udanningsforbundet ønskjer å ta ansvar. Difor er vi aktive i det rekrutteringsarbeidet som må gjerast mellom anna ved å ta del i GNIST-partnarskapen. Skuleeigarane har ansvaret for at kommunane har nok kvalifiserte lærarar i sine skular. Difor er det heilt naudsynt at dei mobiliserer. Kvalifiserte lærarar er som kjent ein av dei viktigaste faktorane for elevane si læring, seier nestleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

d780c5307efac743f6515b12211eabded114a4bb

Borghild Moe.

Program

Vi inviterer arbeidsgjevarar frå kommunane i Møre og Romsdal og Nordfjordregionen til Høgskulen i Volda til ein dag med rekruttering i fokus.

Dagen er todelt med ein fagleg introduksjon kring temaet rekruttering før lunsj, og ei økt med messepreg, der vi lagar ein møteplass mellom arbeidsgjevar og student.

Program kl. 10.15 - 12.00

Kl. 09.45 – 10.15: Frammøte, kaffi og registrering

Kl. 10.15 – 10.30: Opning ved Høgskulen i Volda, GLØD og GNIST

Kl. 10.30 – 11.00: Høgskulen i Volda ved Anne Øie: Dei nye lærarutdanningane for barnehage- og grunnskulelærarar (GLU 1-7, 5-10) og PPU for trinn 8-13.

Kl. 11.00 – 11.30: KS ved Alf Åge Berg: Korleis bli ein betre barnehage- og skuleeigar, og kva verkty er tilgjengeleg for kommunane og fylkeskommunen i dette arbeidet?

Kl. 11.30 – 12.00: Høgskulen i Volda ved Kåre Heggen: Kva rolle spelar regionale utdanningstilbod for å sikre rekrutteringa av gode lærarar? (barnehagelærarar og lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring.)

Kl. 12.00 – 13.00: Lunsj og opprigging til «Ut i jobb»-messe

Messe

Kl. 13.00 – 15.00 Opning av messa ved Høgskulen i Volda. Besøk av studentane på post. Barnehage- og skuleeigarar får høve til å presentere seg, gi studentane tilbakemelding  på kompetansebehov og snakke om kva dei kan tilby arbeidsgjevarar.

Kl. 15.00                Slutt for dagen. Vel heim!

Vel møtt!

Meir informasjon

Studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim

e-post: [email protected]

telefon: 70 07 53 68/97523181.

Del på