Varm velkomst til nye faglærarstudentar
– Det har vore stor interesse for den nye utdanninga, og vi har gitt studieplass til 21 studentar, seier studieprogramansvarleg Karen Brænne.
Det første kullet ved det nye faglærarstudiet i kunst og handverk.
Dei fagleg tilsette ved Seksjon for Formgiving, kunst og handverk ser fram til å starte undervisninga. Dei fortel at studentane ved den nye faglærarutdanninga har sjeldan gode kvalifikasjonar. Fleire har høg kunstfagleg utdanning frå før, men manglar den fagdidaktiske og pedagogiske kunnskapen.
Dei siste vekene har dei tilsette ved seksjonen gjeve verkstadslokala eit visuelt løft. Flotte sommarblomar og frukt i alle fargar pryda dei nypussa roma då studentane kom i går.
– Vi veit at omgjevnadane påverkar trivselen og kjensla av å føle seg velkomen, understrekar seksjonsleiar Britt Loven Ølnes.