Ut i jobb-messa 2014

Tekst: Webmaster Volda

c1ba634a8307f0c3ad9792ec5633ca1a─ Utnytt tida godt og snakk med fleire enn dei du i utgangspunktet er interessert i. Knyt kontaktar og saml informasjon. Eg trur det er ei god investering, sa rektor Per Halse då han opna Ut i jobb-messa.

Noreg toppar statestikken for lærarar over 55 år samstundes som andelen lærarar under 30 år er kraftig redusert på 10 år. Resultatet er at det er for få lærarar til å ta over når dei eldre går av med pensjon. Dette gjer at framtidige arbeidsgjevarar må vere om seg for å kapre lærarstudentane. «Ut i jobb-dagen», som er eit samarbeid mellom GNIST, GLØD og Høgskulen i Volda, er ein møteplass for lærarstudentane og potensielle arbeidsgivarar.

─ Presset etter kvalifiserte lærarar byrjar å vise seg. «Ut i jobb-dagen» er difor ein god måte for kommunane å kapre studentar, og samstundes for studentar å orientere seg i jobbmarknaden, seier studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga Odd Helge Tonheim.

 e22cfdf2da4a58d83f7e864463f57a9f
Viviann Johansen, rektor ved Bikset skule og Mariann Båtnes, rådgjevar ved sektor for oppvekst i Hareid kommune var på Ut i jobb-messa for å rekruttere barnehagelærarar og faglærarar. 

Blant kommunane som stod på stand for å snakke med studentane var Hareid.

─ Vi jobbar i første omgang aktivt med å rekruttere barnehagelærarar. Men vi står også snart ovanfor eit generasjonsskifte i skulen og vil særskilt trenge faglærarar i matematikk, norsk, engelsk og spesialpedagogikk, seie Mariann Båtnes, rådgjevar ved sektor for oppvekst.

 875427dcf743fcf43832bc288e8555b2
Lina Ødegaard og Marita Hagen Kvalsvik er studentar på grunnskulelærarutdanninga 5.-10. trinn. 

Det var mange barnehagelærar-, grunnskulelærar- og faglærarstudentar som kom på Ut i jobb-dagen for å møte potensielle arbeidsgjevarar.

─ Eg syns denne dagen har vore veldig relevant. Eg har fått vite at det vil komme femten ledige stillingar i Ålesund kommune, så eg håpar å komme meg igjennom nålauget, seier grunnskulelærarstudent Marita Hagen Kvalsvik frå Ålesund. 

Del på