Ut i jobb-dagen 2015
Torsdag 15. januar arrangerer Høgskulen i Volda «Ut i jobb-dagen» 2015, ein rekrutterings- og møteplass mellom HVO-studentar og skuleigarar i regionen.
Møteplass
Det er fjerde året Høgskulen i Volda og GNIST-partnarskapen i Møre og Romsdal arrangerer «Ut i jobb-dagen» i Volda. GNIST og kampanjen "Har du det i deg" er ei nasjonal satsing i regi av Kunnskapsdepartementet for å auke rekrutteringa til læraryrket. I Møre og Romsdal er GNIST forankra hos fylkesmannen.
fokus på rekruttering
– Eg ser fram til denne fagdagen. Det er eit stort behov for rekruttering av barnhagelærarar og lærarar i skulen i åra som kjem. Barnehagen er viktig for korleis barn utviklar seg og klarer seg på skulen seinare, og difor trengst det personale med god fagkompetanse. Vi veit også at store lærarkull vil pensjonere seg dei nærmaste åra. Det gjer det ekstra viktig å ha fokus på rekrutteringa. Forsking viser også at lærarar med god fagkompetanse har stor innverknad på elevprestasjonane. Vi har også fått skjerpa krav til fagkompetanse for lærarar i lovverket, seier fylkesmann Lodve Solholm som skal opne «Ut i jobb-dagen» i Volda.
Fylkesmann Lodve Solholm.
Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda synest det er positivt at fleire samarbeider om rekruttering til læraryrket.
Rektor Per Halse.
– Meir aktive partnarar er avgjerande viktig for å sikre rekruttering til læraryrket framover. Kommunane står overfor eit generasjonsskifte når det gjeld lærarar i skulen, og fleire enn høgskulen må ta ansvar for å sikre rekrutteringa, seier Halse.
Høgskulen byggjer fylke og region
I ein studie utført av professor Kåre Heggen ved Avdeling for samfunnsfag og historie, kjem det fram at Høgskulen i Volda gjennom mange år har levert eit avgjerande bidrag til eige fylke når det gjeld rekruttering av allmennlærarar, barnehagelærarar, sosialarbeidarar og andre viktige funksjonar i velferdsstaten.
Det sentrale funnet i rapporten «Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner? Likheter og ulikheter mellom høgskolene på Vestlandet og i hovedstadsregionen», er at lokaliseringa av høgskulane har stor innverknad for rekruttering til arbeidsmarknaden i det området høgskulane ligg i.
Minst ni av ti med utdanning på desse velferdsområda, og som har teke utdanninga i same region som dei har vakse opp i, er i arbeid i same region både to og fem år etter ferdig utdanning. Dei regionale høgskulane fungerer som den dominerande tilbydar av arbeidskraft for regionen, og har slik ei viktig rolle for å sikre nødvendig arbeidskraft til yrka i velferdsstaten.
Viktig med lærarutdanning i fylket
– Dette er viktige funn med tanke på blant anna rekrutteringa til læraryrket. Det syner at vi må ha lærarutdanning i fylket vårt, seier professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda.
Uroa over lærarmangel
Behovet for gode lærarar i skulen er stort, og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Samfunnsforskar Jørgen Amdam peikar på at 30 prosent av lærarane i fylket er over 55 år. Mange nærmar seg altså pensjonsalderen. Ifølgje Amdam er det behov for om lag 300 nye lærarar berre i Møre og Romsdal kvart år.
Også Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal er uroleg over lærarmangelen.
– Udanningsforbundet ønskjer å ta ansvar. Difor er vi aktive i det rekrutteringsarbeidet som må gjerast mellom anna ved å ta del i GNIST-partnarskapen og i GLØD-kampanjen "Verdens fineste stilling". Skuleeigarane har ansvaret for at kommunane har nok kvalifiserte lærarar i sine barnehagar og skular. Difor er det heilt naudsynt at dei mobiliserer. Kvalifiserte lærarar er som kjent ein av dei viktigaste faktorane for elevane si læring og borna si utvikling, seier fylkesleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.
Fylkesleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.