UT I JOBB - DAGEN 2014

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Møteplass

Det er tredje året Høgskulen i Volda og GNIST-partnarskapen i Møre og Romsdal arrangerer «Ut i jobb-dagen» i Volda.  GNIST og kampanjen "Har du det i deg" er ei nasjonal satsing i regi av Kunnskapsdepartementet for å auke rekrutteringa til læraryrket.  I Møre og Romsdal er GNIST forankra hos fylkesmannen

96c89b8887f59eb8be2643a457b06e94e2ea06f2

– Arrangementet er ein viktig møteplass for rekruttering og for å skape interesse for skulen og barnehagen som arbeidsplass, seier studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

fokus på rekruttering

– Eg ser fram til denne fagdagen. Det er eit stort behov for rekruttering av barnhagelærarar og lærarar i skulen i åra som kjem. Barnehagen er viktig for korleis barn utviklar seg og klarer seg på skulen  seinare, og difor trengst det personale med god fagkompetanse. Vi veit også at store lærarkull vil pensjonere seg dei nærmaste åra. Det gjer det ekstra viktig å ha fokus på rekrutteringa. Forsking viser også at lærarar med god fagkompetanse har stor innverknad på elevprestasjonane. Vi har også fått skjerpa krav til fagkompetanse for lærarar i lovverket, seier fylkesmann Lodve Solholm som skal opne «Ut i jobb-dagen»  i Volda.

3140a6f1fec92600d53ce7d93475c434

Fylkesmann Lodve Solholm.

Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda synest det er positivt at fleire samarbeider om rekruttering til læraryrket.

7e3e966843124f9456ca948cf119cb24

Rektor Per Halse.

– Meir aktive partnarar er avgjerande viktig for å sikre rekruttering til læraryrket framover. Kommunane står overfor eit generasjonsskifte når det gjeld lærarar i skulen, og fleire enn høgskulen må ta ansvar for å sikre rekrutteringa, seier Halse.

Høgskulen byggjer fylke og region

I ein studie utført av professor Kåre Heggen ved Avdeling for samfunnsfag og historie, kjem det fram at Høgskulen i Volda gjennom mange år har levert eit avgjerande bidrag til eige fylke når det gjeld rekruttering av allmennlærarar, barnehagelærarar, sosialarbeidarar og andre viktige funksjonar i velferdsstaten.

Det sentrale funnet i rapporten «Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner? Likheter og ulikheter mellom høgskolene på Vestlandet og i hovedstadsregionen»,  er at lokaliseringa av høgskulane har stor innverknad for rekruttering til arbeidsmarknaden i det området høgskulane ligg i.

Minst ni av ti med utdanning på desse velferdsområda, og som har teke utdanninga i same region som dei har vakse opp i, er i arbeid i same region både to og fem år etter ferdig utdanning. Dei regionale høgskulane fungerer som den dominerande tilbydar av arbeidskraft for regionen, og har slik ei viktig rolle for å sikre nødvendig arbeidskraft til yrka i velferdsstaten.

Viktig med lærarutdanning i fylket

– Dette er viktige funn med tanke på blant anna rekrutteringa til læraryrket. Det syner at vi må ha lærarutdanning i fylket vårt, seier professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda.

Uroa over lærarmangel

Behovet for gode lærarar i skulen er stort, og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Samfunnsforskar Jørgen Amdam peikar på at 30 prosent av lærarane i fylket er over 55 år. Mange nærmar seg altså pensjonsalderen. Ifølgje Amdam er det behov for om lag 300 nye lærarar berre i Møre og Romsdal kvart år. 

Også Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal er uroleg over lærarmangelen.

– Udanningsforbundet ønskjer å ta ansvar. Difor er vi aktive i det rekrutteringsarbeidet som må gjerast mellom anna ved å ta del i GNIST-partnarskapen og i GLØD-kampanjen "Verdens fineste stilling". Skuleeigarane har ansvaret for at kommunane har nok kvalifiserte lærarar i sine barnehagar og skular. Difor er det heilt naudsynt at dei mobiliserer. Kvalifiserte lærarar er som kjent ein av dei viktigaste faktorane for elevane si læring og borna si utvikling, seier fylkesleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

30d055de2ee1b481c02a865c89c5e6ce

Fylkesleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Seminar med fokus på oppfølging av ferske lærarar

Starten på ei yrkeskarriere kan vere ei utfordring for mange. Teori skal omsetjast til praksis, og det er mykje nytt å setje seg inn i. I år har den faglege delen av «Ut i jobb-dagen» fokus på kva arbeidsgjevar kan gjere for å følgje opp nyutdanna lærarar og barnehagelærarar på ein god måte.

Høgskulen i Volda samarbeider med sektoren på dette feltet, og tilbyr mellom anna studietilbodet Rettleiing/mentorutdanning (15 stp) retta mot førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring. Målsettinga er å utvikle kompetanse i å rettleie nyutdanna lærarar i barnehage, i grunn- og vidaregåande opplæring, samt bidra til å styrke kvaliteten i grunnutdanninga si praksisopplæring.

Høgskulen samarbeider også med 13 kommunar i fylket om programmet «Nytt på nytt»,  eit tiltak for rettleiing av nyutdanna lærarar i barnehage og skule.

Seminardelen vert opna av fylkesmann Lodve Solholm.  Professor II ved Høgskulen i Volda, Lars Inge Terum, følgjer opp med innlegget «Kompetente lærarar - også skuleeigar sitt ansvar». Høgskulelektor Gerd Sylvi Steinnes, Høgskulen i Volda, vil orientere om oppfølging av nyutdanna. Rådgjevar Tor Løvland i Ålesund kommune vil dele erfaringar frå arbeidet med dette i kommunen sin.   

Messe og møteplass

5e9fa001abaca72265286c8678a9bc6b

Etter lunsj vert messeområdet i Berte Kanutte-huset opna for utstillarar og HVO-studentar.

Dei ulike kommunane får eit godt høve til å presentere seg og informere studentane om kompetansebehov og snakke om kva dei kan tilby nye medarbeidarar.

18e27f343ff05209c8cc62eac5827a46

Høgskulen i Volda har om lag 400 studentar knytt til barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, faglærarutdanningane og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

GNIST

GNIST er ein nasjonal dugnad i regi av Kunnskapsdepartementet for å utdanne, rekruttere og halde på dyktige lærarar. Det er den såkalla GNIST-partnarskapen i Møre og Romsdal med fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylke, Kommunenes Sentralforbund (KS), Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda som står bak «Ut i jobb-dagen 2014».


..........

Meir info: Prodekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning Anne Øie.

T: 70 07 53 02/48025219. E-post: [email protected]

http://www.hivolda.no/utijobb

Del på