Symfoniorkesteret slepper plate i samband med julekonsertane
Symfoniorkesteret og høgskulekoret i Berte Kanutte-huset. (Foto: Gaute Hareide)
– Symfoniorkesteret starta innspelingane saman med høgskulekoret allereie i april, fortel Bergmann, som gleder seg til å høyra publikum sin respons. – Eg trur ikkje publikum vert skuffa. Vi er svært nøgde med resultatet. Musikkmiljøet i Volda har lagt ned ei kjempeinnsats. |
Opplesing av juleevangeliet
– Det litt spesielle med denne plata er at juleevangeliet vert lese. I tillegg er det fleire kjende songar som til dømes ”Deilig er jorden” og ”O helga natt”, der Magne Fremmerlid er solist. Fremmerlid er til dagleg solist ved Den Norske opera, og har hatt oppdrag både i inn- og utland.
– Men også studentar ved Høgskulen i Volda er solistar på den nye plata. Nokre av songane er komponerte av studentane sjølve – og eg meinar vi finn fleire potensielle juleklassikarar mellom dei, røpar Bergmann.
Platelansering i Ulsteinvik og Volda
Den tradisjonelle julekonserten til Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda vert altså litt spesiell i år, sidan det i tillegg er platelansering. Orkesteret og koret held konsert i Volda kyrkje torsdag 4. desember kl. 19.30 og i Ulstein kyrkje laurdag 6. desember kl. 19.30.
Publikum får høve til å kjøpa med seg plata etter konsertane.
Sjå også annonse i torsdagsavisa i Møre, Mørenytt og Vikebladet/Vestposten.
Solistane Jorunn Marie Kvernberg og Magne Fremmerlid er med på juleplata og konsterane