Steinnes med i ekspertgruppe
Ekspertgruppa får i mandat å beskrive, tydeleggjere og analysere korleis barnehagelærarrolla utøvast, både i det pedagogiske arbeidet med barna og i leiing og rettleiing av dei andre tilsette i barnehagen. Gruppa skal også gi råd om korleis profesjonen og utdanning kan vidareutviklast for å sikre høg kvalitet i framtidas barnehagar.
Gruppa skal skaffe eit kunnskapsgrunnlag som aukar forståinga for barnehagelærarens rolle og profesjonsfellesskap. Også styrarens rolle og betyding for det pedagogiske arbeidet vil bli vurdert.
Regjeringa la i vår fram en ny rammeplan med krav til barnehagen som pedagogisk institusjon. Regjeringa har også revidert kompetansestrategien for barnehage, og foreslått å skjerpe pedagognorma slik at kravet om andelen barnehagelærarar i barnehagen aukar frå 33 til 43 prosent.
Det beste for barna
Gerd Sylvi Steinnes ser fram til arbeidet med barnehagelærarrolla.
– Det er veldig kjekt å bli utnemnt. Dette er noko eg har veldig lyst til og gler meg til å halde på med, seier Steinnes.
– Kva tek du med deg inn i dette arbeidet?
– Mitt utgangspunkt er at det primære oppdraget ein barnehagelærar har er barna – å gi eit best mogleg tilbod til barna. Barnehagelærarane må få nokre rammer for at dei skal klare å nå opp til det mandatet dei er gitt.
Steinnes disputerte for sin doktorgrad i 2014, der ho tok for seg barnehagelærarar sin profesjonalitet under press. I etterkant har ho hatt oppdrag frå både Kunnskapsdepartementet og Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU).
– Summen av dette er nok grunnen til at eg vart med i denne ekspertgruppa, meiner Steinnes.
Solid og brei fagleg bakgrunn
Gruppa skal ha første møte 19. september og levere sin rapport 1. desember 2018. Professor Kjetil Børhaug ved Universitetet i Bergen er leder for gruppa.
– Eit godt kunnskapsgrunnlag om profesjonen vil bli viktig for det vidare arbeidet med å løfte barnehagelæraren. Eg er glad for at vi no har fått på plass ei gruppe forskarar og fagpersonar med solid og brei fagleg bakgrunn, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Dei andre medlemmane i ekspertgruppa er:
- Professor Thomas Moser, Høgskolen i Sørøst-Norge, Institutt for pedagogikk, Campus Vestfold
- Professor Anton Havnes, Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus
- Førstelektor Anne Myrstad, Universitetet i Tromsø, Institutt for pedagogikk og lærerutdanning
- Førstelektor Kari Hoås Moen, Høgskolen Dronning Mauds Minne
- Instituttleder Hege Fimreite, Høgskolen på Vestlandet, Institutt for barnehagelærerutdanning i Sogndal
- Daglig leder Øivind Hornslien, Betha Thorsen Kanvas-barnehage i Oslo
- Avdelingsleder Helene Berntsen Brennås, Nardosletta barnehager i Trondheim