Statsråden imponert over suksess over satsinga på kulturfag
Øystein Salhus på fele, Nils Ose på bass og Leif Barmen på gitar tok i mot Huitfeldt saman med mellom anna dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag.
Kulturminister Anniken Huitfeldt vitja Volda i høve Dei nynorske festspela, og fekk slik høve til å ta turen til Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.
– Kultursatsinga ved Høgskulen i Volda er eineståande, og saman med Senter for kulturproduksjon, Seanse, viser dei at ei slik satsing løner seg, var kommentarane. Vi er svært glade for å kome hit det skjer, her heng utdanning og kultur saman, og dette er gledeleg.
Ørstaordførar Gudny Fagerhol, stortingsrepresentant Svein Gjelseth og kulturminister Anniken Huitfeldt hadde eit møte med tilsette ved Høgskulen i Volda om Seanse under vitjinga på Avdeling for kulurfag.