Spanske basketball- og skilærarar kjem til Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

spanskutveksling_520

Jordi Fernandez kjem til Volda for å undervise ved Kroppsøving årsstudium. T.v: Høgskulelektor Øyvind Hagen og høgskulelektor Frode Sætre frå kroppsøvingutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Øyvind Hagen, Frode Sætre og Arnfinn Haug ved kroppsøvingsseksjonen, Høgskulen i Volda, var i april 2005  på studietur til Spania og Andorra.
- Ei av hensiktene med besøket var å få Erasmusavtalen som Høgskulen i Volda har med Universitat de Lleida aktiv, melder Øyvind Hagen.

Mykje likt med Volda
UdL ligg ca. 180 km vest for Barcelona. I spansk målestokk er universitetet lite med ca. 10 000 studentar. Idrettsinstituttet har ca. 800 studentar og 45 lærarar. Studietilbodet her er eit fireårig program som i stor grad femner om tradisjonelle emne og fag slik vi kjenner det frå kroppsøvingsstudia ved Høgskulen i Volda.

Også spansk ekspertise ved skisamlinga på Hafjell
Etter konkrete avtalar om utveksling og samarbeid kjem Jordi Fernandez til Volda for å undervise ved Kroppsøving årsstudium, og skal mellom anna undervise i i basketball.
Ansvarleg for skiundervisninga ved UdL, Joan Fusteyl Matute, kjem til Hafjell for å vere med på Skiutdanninga si samling der.

Studium i Spania? 
For alle som er interessert i å vite meir om studium ved Universitat de Lleida kjem Jordi Fernandez til å orientere om dette fredag 24. mars kl. 11.15 på Henrik Kaarstad-huset, rom 204.

Les meir om studium i Idrettsfag, kroppsøving og friluftsliv
Sjå også heimesidene til Kroppsøvingseksjonen
Sjå også heimesida til Universitat de Lleida

Del på