Skal gi etterspurd kompetanse til barnehagane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

0f7c104a95c3e2d72e2d59cb4a74f84e

Studiet som går over eit år og tel 30 studiepoeng, er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020», som er regjeringa si satsing på kompetanseheving innanfor realfaga i barnehagen. Høgskulen i Volda er ein av få utvalde institusjonar som tilbyr vidareutdanninga Naturfag og matematikk i barnehagen.

– Det har vore og er eit stort fokus på realfag i skule og barnehage. Hand i hand med naturfag og matematikk går også berekraftig utvikling, som er eit viktig tema no og i framtida. Difor er vi glad for å kunne tilby denne vidareutdanninga til pedagogar i barnehagen, seier Randi Holsvik, fagansvarleg for studiet.

praktisk retta

Gjennom studiet skal studentane få ei djupare forståing for naturfag og matematikk, bruken av det og rolla til realfaga i barn si utvikling. Det er praktisk retta og studentane skal få med seg gode idear til korleis dei kan jobbe med desse fagområda i barnehagen. Det er lagt opp til tre samlingar per semester, der kvar samling går over to dagar. I tillegg vert det nettundervisning to-tre timar kvar uke gjennom Adobe Connect, der forelesarane og studentane ser kvarandre og kan kommunisere.

– Det meste av teorien skal vi presentere i nettundervisninga. Store delar av samlingane vil gå føre seg utandørs og da får studentane moglegheit til å prøve ut teorien i praksis. Dei skal få større fagleg grunnlag for å lage gode aktivitetar for læring for barna. Det gjennom til dømes å utvikle matematiske omgrep på ein leikande måte i barnehagen eller korleis ein kan ta i bruk nærmiljøet til undring og utforsking, fortel Holsvik.

Seks ulike tema

Realfaga vil også verte knytt opp mot mat og helse. Då vil det verte gitt gode døme på korleis ein kan ta med realfagskompetansen inn på kjøkkenet.

Studiet vert organisert i seks overordna temaområde:

1) Naturvitskap – barn og den mangfaldige naturen
2) Haustens grøde – sortering, mål og vekt
3) Berekraftig utvikling – klimamodellar
4) Undring og utforsking i barnehagen
5) Naturen vaknar til liv – kart, rom og retning
6) Kretsløpet i naturen – mat frå naturen

I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava. Om ein er i arbeid ved ein slik arbeidsplass, kan dette verte gjennomført der. Studiet avsluttast med ein individuell heimeeksamen over tre dagar.

Søknadsfrist for studiet er 15. april 2016.
Her kan du lese meir om studiet og søke.

Del på