Samisk dag for barnehagelærarstudentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

241de1ba3f8a97b163a4fe10b7409e5c
Studentar lagar matretten bidos.

Nasjonaldagen til samane er den 6. februar og vert også kalla Samefolkets dag. I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver blir det lagt vekt på barnehagen som kulturarena. Det er viktig at barn møter ulike kulturar og tradisjonar, noko som legg grunnlag for respektfull samhandling mellom ulike etniske grupper. Barn som høyrer til det samiske urfolket, samt andre etniske minoritetskulturar, må få støtte til å utvikle den doble kulturtilhøyrsla.

e84925fc8f63877820ddd1ca87cf741b
Blide lærarar: Liv Ingunn Sætre, Randi Holsvik og Kari Ryslett

I samband med fleirkulturell veke i barnehagelærarutdanninga, tok lærarane i fagområdet NHR- (Natur, helse og rørsle) for seg den samiske kulturen og gjennomførte ein spennande fagdag med forelesingar, samisk matlaging på bål, leikar og quiz ute. Høgskulelærar Liv Ingunn Sætre og høgskulelektorane Randi Holsvik og Kari Ryslett var ansvarlege for fagdagen. 

Dagen starta med ei faglig innføring, før lærarar og studentar sette kursen for Volda bygdetun på Haualeite i strålande kaldt januarver med sol frå klar himmel. Dei gamle, lafta husa laga ei fin ramme rundt dagen. På Haualeite vart studentgruppa delt i to, der den eine gruppa fekk lage ein av dei mest kjende samiske matrettene, bidos, som er ei kjøttsuppe kokt på mykje reinkjøt og lite vann. Denne retten vert nytta både til kvardags- og festmat slik som både bryllaup, konfirmasjon og barnedåp.

Matlaginga gjekk for seg med liv og lyst! Det vart spikka, tent opp bål og laga småved slik at matbålet skulle ha god og rett varme til kokinga. Kjøt blei steikt i jerngryter på bålet og grønsaker og poteter kutta på både stubbar og skjerebrett og putta oppi grytene. For mange samar var reinkjøtt basis i kosthaldet då reindrift var vanleg både mellom kystsamar og innlandsamer. Det var viktig å nytte så mykje som mulig av slaktet. Både innmat, margbein og gumpus (blodkaker og blodpølser) reknast framleis som delikatesser i det samiske kjøkkenet.

5c0f9a0ec6169aed30f96537355f1654
Å lage reinsdyr av kongler er gøy!

Den andre studentgruppa prøvde ut ulike leikar i mellomtida. Skallekasting var populært, der studentane skulle kaste skallane (komagar -  samiske sko) på ein blink. Dei laga også fantasifulle reinsdyr av kongler og anna naturmateriale – noko som mange av dei ikkje hadde prøvd før. Etter aktivitetane fekk denne gruppa ansvaret for desserten - ein tradisjonell tyttebærgraut med byggryn, som også vart kokt over matbålet og servert med mjølk. Maten smakte nydelig ute i vinterkulda og grytene var skrapt etter måltidet.

 4d70afc5396af95ee6c26b523bb3ed1b
Mange studentar meistra å kaste lasso på samisk vis!

Etter lunsj vart studentane delt inn i mindre grupper for å gjennomføre ein natursti. Faglærarane hadde hengt opp postar med ulike oppgåver, quiz og leikar rundt om på husa og markane på Haualeite. På ein av postane var temaet lassokasting, der studentane fekk prøvd å kasse lasso på eit reinsdyrgevir. Studentane vart instruerte i teknikken som samane nyttar og mange fekk det til. På ein anna post skulle dei lage joik eller samisk dikt og det var mange kreative innspel. Ved scena på Haualeite leika studentane «same og reinsdyr» – ein variant av «hauk og due», som er kjekk å ta med seg til barnehagen. Quizen bestod av spørsmål frå forelesingane på starten av dagen og her var temaene blant anna om samiske kjendisar, reinsdyr, reindrift og samisk matkultur. Det viste seg at studentane hadde lært mykje i løpet av dagen og svarte rett på dei fleste spørsmåla.

Dagen etter besøkte studentane nokre barnehagar og fekk prøvd ut ulike samiske aktivitetar med barnehagebarn. Ein av høgskulelektorane opplevde at barnehagebarnet sitt sat og joika ved middagsbordet – e- lole-lole-lole – fordi det hadde vore studentar på besøk i barnehagen!

Tekst Randi Holsvik og Kari Ryslett
Foto Liv Ingunn Sætre

Del på