Samarbeider om mat og religion
Emnet KRLE 2 er ei vidareføring av Kristendom, religion, livssyn og etikk 1 (KRLE1). Profesjonskunnskap og didaktikk for 5.-10. årssteg står sentralt i emnet, og ein arbeider også vidare med korleis religions- og livssynsmangfaldet syner seg i samfunnet, i historia, i etiske utfordringar, i ulike tekstar og lesemåtar.
Førsteamanuensis Mathias Nygaard til venstre.
Fagmiljøet i matkultur og helse ved Institutt for realfag og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag har inngått eit samarbeid der målet er å vise korleis ein i ulike religionar og kulturar brukar mat som religiøse symbol.
Meir praktisk undervisning
– Vi vonar at koplinga mellom teori og ei praktisk tilnærming til stoffet gjennom matlaging kan gjere stoffet meir levande og verke motiverande for både framtidige lærarar og elevar, seier førsteamanuensis Mathias Nygaard.
Festbordet var pynta med element frå ulike religionar.