To rektorar opna "Pub"-studiet!
Studiet er eit vidareutdanningstilbod i regi av Barnehageløftet.
Det gir 30 studiepoeng og er eit samarbeid mellom Dronning Mauds Minne Høgskole og HVO.
Studiet har 50 studentar frå Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Det var 238 søkjarar til studiet som skal ha fem samlingar, to i Trondheim og to i Kristiansund, forutan opninga i Ålesund, melder Bente Vatne, som er fagleg ansvarleg ved Høgskulen i Volda (HVO).
På studiet vert det førelesarar frå Dronning Mauds Minne og frå HVO. På den første samlinga var tema Organisasjonsutvikling ved Sølvi Hessen Schei og Utviklingsarbeid i barnehagen, ved Kari Kvistad. Begge er lektorar ved Dronning Mauds Minne Høgskole.
Professor Peder Haug ved HVO stilte i si førelesing spørsmåla: På kva grunnlag har dei faglege aspekta ved Barnehageløftet kome fram? Kva har styrt utviklingsinteressa i barnehagen, og kva er konsekvensane?
Fagleg ansvarlege og koordinatorar for studiet er Kari Kvistad frå Dronning Mauds Minne Høgskole og Bente Vatne ved Høgskulen i Volda.