Rekordstor påmelding til barnehagekonferansen 2006
- Konferansen er eit av tiltaka i barnehageløftet i Møre og Romsdal . Dei yngste barna i barnehagen og barnehagen sitt samfunnsmandat er sentrale tema under konferansen, fortel studieleiar for Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, Britt Loven Ølnes.
Målgruppe for konferansen er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivå, PPT og høgskoletilsette.
- Den revidert rammeplanen, som er ei forskrift til barnehagelova, omhandlar innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Målet med rammeplanen er å gi styraren, dei pedagogiske leiarane og personalet elles, ei forpliktande ramme for å planlegge, gjennomføre og vurdere verksemda til barnehagen. Rammeplanen gir og informasjon til foreldra, eigarane og tilsynsmyndigheiter, fortel rådgivar Maren Ørjasæter Aaland, Møre og Romsdal fylke.
Under konferansen deltar førstelektor Ingeborg Tveter Thoresen , Høgskolen i Vestfold, førsteamanuensis Ivar Selmer-Olsen, Dronning Mauds Minne Høgskole for førskolelærarutdanning i Trondheim, høgskolelektor Eva Steinkjer, Dronning Mauds Minne og høgskolelektor Ninni Sandvik, Høgskolen i Østfold.