Rekordpåmelding til Barnehagekonferansen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi har registrert 181 deltakarar, og det er rekord, fortel Eirik Bech ved Kontor for etter- og vidareutdanning, som står for dei praktiske detaljane.

- Barnehagekonferansen har vorte ein årviss konferanse for pedagogar i barnehagane i Møre og Romsdal og barnehageansvarlege på kommunenivå, fortel Britt Loven Ølnes. Fleire ressurspersonar med topp kompetanse innanfor arbeid med likestilling i barnehagen tek del på konferansen.

Du kan lese programmet og meir om konferansen på www.hivolda.no/barnehagekonferansen

Del på