Raske studentar ved Høgskulen i Volda
Det er ei gruppe som har studert utdanninga for grunnskulelærarar som har kome fram til dette. Funna, som blei presenterte på ein konferanse i Stavanger sist veke, er basert på studentane sine eigne vurderingar av trivsel og på tal på kor mange som fullfører.
Den såkalla følgjegruppa har funne ut at heile 69 prosent av dei som startar på grunnskuleutdanning for 1.–7. trinn i Volda, står løpet ut.
– Det syns vi er veldig positivt, for vi veit at fråfallstala er til dels høge fleire stader, seier dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Også tala for utdanninga for 5.-10-trinn er gode, ifølgje Myklebust.