Oppstart for den nye barnehagelærarutdanninga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

9020fa64623f04036206a0506e73b0300b4ab9c5Det er byrja heile 66 studentar på den nye barnehagelærarutdanninga. 

PIONERAR I VOLDA

Studentane som var møtt til første skuledag på barnehagelærarutdanninga er pionerar i Volda.

─ Vi har jobba intenst med denne utdanninga i samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar på vestlandet. Dykk er det første kullet vårt, og blir slik prøvekaninar på godt og vondt. Men dykk kjem til ein høgskule med solid erfaring på dette område, sa dekan Arne Myklebust.

NY ORGANISERING

Den nye utdanninga er organisert på ein annan måte enn førskulelærarutdanninga.

─ Utdanninga er delt inn i seks kunnskapsområde som er sett saman av ulike fagdisiplinar, og det er fokus på det tverrfaglege som ein møter i kvardagsaktivitetar i barnehagen, sa studieleiar Elisabeth Welle.

Studentane er også dei første til å skrive bacheloroppgåve.

Barnehagelærarutdanninga har på landsbasis hatt ein nedgang i søkartala, men HVO har hatt ei kraftig auke.

0533d42e8acaf83c83b35fd01c2efb684c726b91
Dei nye barnehagelærarstudentane var på bli-kjent tur til Årneset andre skuledag

brukar veka til å bli kjende 

Studentane og dei tilsette ved barnehageutdanninga nyttar den første veka på å bli godt kjende med kvarandre, og var andre skuledag på Årneset.

─ På Årneset jobba studentane i grupper der dei intervjua kvarandre og presenterte medstudentane sine i samla klasse etterpå. Vi tende bål, måtte søke ly for regnet under ei presenning og vi leika oss saman. Studentane møtte med godt humør og gode klede til å vere ute i. Det er ein sporty gjeng som tek fatt på barnehagelærarutdanninga i Volda, sa praksiskoordinator Hanne Elin Harnes. 

Del på