Nytt på Nytt-rettleiing av nyutdanna lærarar starta med 40 deltakarar
Rundt 40 skuleleiarar/styrarar og nyutdanna førskulelærarar og allmennlærarar frå Møre og Romsdal var samla på Ørskog vidaregåande til oppstartssamling.
Ansvarlege for prosjektet er prosjektleiar Gerd Sylvi Steinnes og rettleiarane Siv M Gamlem og Hilde Kalvatsvik. Tema for første samling var knytt til å vere ny i yrket og til arbeid med læreplanar i skule og barnehage.
- Det var ei engasjert og positiv gruppe som var samla, og vi er svært nøgde med å ha fått med så mange nyutdanna i prosjektet, seier Steinnes.