Nytt emne til våren: Retorikk og forteljing

Tekst: Webmaster Volda

- Forteljing og retorikk er eit nytt, open emne som gir 15 studiepoeng.
Marit Ulvund, fagansvarleg ved Dramaseksjonen, ynskjer at emnet skal gi studentar evna til å bli betre forteljarar i det mediet dei vil arbeide med.


- I ei postmoderne tid synest behovet for det narrative grepet og forteljingane åblomstre. Svært mange bruker element frå eigne forteljingar inn i ulike typar framføringar, i teater, film og nettproduksjonar, seier Ulvund.


Emnet vil ha fokus på kva som kjenneteiknar ei god forteljing og det å formidle historia på ein god måte.


- I tillegg vil vi sjå på kva forteljingstekniske grep det er viktig å kjenne til for å nå fram med kommunikasjonen. Her kjem vi inn på både retorikk og dramaturgi, og arbeider med forteljingar innan ulike genre og produksjonsmåtar.

Det nye emnet er planlagt som fem samlingar i tillegg til ein praktisk eksamen. Marit Ulvund ynskjer alle noverande studentar, samt eksterne søkjarar, velkomne.

For meir informasjon kontakt: Marit Ulvund [email protected]

Del på