Ny rammeplan for PPU kan få store konsekvensar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Utkastet til ny rammeplan for PPU er signert «Rammeplanutvalget for integrert lektorutdanning, adjunktutdanning og PPU». Utvalet er sett ned av Kunnskapsdepartementet, og har som mandat å utvikle ein ny rammeplan for integrert lektorutdanning og revidere rammeplanen for PPU.

– Tal syner at det blir ein dramatisk lærarmangel i komande tiår. Konsekvensen av framlegget, der ein med eitt slag tek vekk den eine av dei to lærarutdanningsvegane for ungdomsskulelærarar, nemleg fagstudiar til bachelorgrad pluss PPU, vil gje endå større problem med rekruttering enn i dag. 75 % av dei som tek PPU i dag har berre bachelorgrad. Desse utgjer ein viktig del av arbeidsstyrken i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Kravet vil altså lukke ute desse i framtida, seier Sørbø.

17c55c07c95eaca88fadc114e0ddf5547c077642

Prorektor Marie Nedregotten Sørbø.

Dei mindre og mellomstore høgskulane vil få store problem med å oppretthalde fagtilboda sine i sentrale fag som historie, norsk og framandspråk, og den PPU-utdanninga dei gir i dag.

– Høgskulane i regionane har berre i liten grad masterutdanning i faga sine, og kan i næraste framtid ikkje utdanne på dette nivået. Framlegget vil difor føre til ein ytterlegare forsterking av sentraliseringstendensen vi ser i dag, der dei største institusjonane blir endå større, og dei mindre får problem med å drive dagens fagtilbod vidare, seier prorektor Marie Nedregotten Sørbø.

Sjå HVO sin uttale til rammeplanutvalet.

Høgskulelektor Pål Hamre (HVO) om rammeplanutvalet sitt arbeid.

Del på