Ny mastergrad vil heve lærarutdanninga
Den nye masteren er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Institutt for pedagogikk og Institutt for realfag, leidd av høvesvis Stig Helset, Peder Haug og Frode Opsvik.
Etter at vi fekk ny grunnskulelærarutdanning (GLU) i 2010, var det naturleg å gå vidare og diskutere masterutdanning for lærarar. Fagmiljøet valde å lage ei masterutdanning med tre spesialiseringar, i matematikk, norsk og spesialpedagogikk. Den nye masteren: Master i undervisning og læring utvidar og vidarefører master i spesialpedagogikk. Det har i mange år vore den mest søkte masterutdanninga ved høgskulen. Masteren i spesialpedagogikk går no inn som ei av spesialiseringane i den nye masteren. Norsk og matematikk er dei mest sentrale skulefaga, å velje dei som moglege spesialiseringar skaper eit godt grunnlag for rekruttering, seier Haug. I samband med masteren er det også utlyst to nye professorat, eitt i matematikk og eitt i norsk. Det vil gje eit unikt fagleg bidrag både for lærarutdanningane og for masteren, seier Opsvik.
SAMLINGSBASERT MASTER
Masteren blir tilboden både som heiltidsstudium på 2 år og som deltidsstudium på 4 år. Det er også mogleg å ta emna i den nye mastergraden som vidareutdanning. Den nye masteren er samlingsbasert med fem samlingar á to dagar per emne.
─ Med ein samlingsbasert master er det tilpassa folk i jobb, seier Helset.
Uansett kva spesialisering studentane vel, har masteren tre felles emne. Dei utgjer til saman 45 studiepoeng. Kvar av retningane har dessutan 75 studiepoeng som spesialisering, 45 av dei er masteroppgåva og 30 er emne i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk. ─ Spesialpedagogikk-varianten er open for alle som har ei tre år lærarutdanning eller meir (faglærarutdanning, PPU, førskulelærarutdanning, allmennlærarutdanning eller grunnskulelærarutdanning). Dei som ønskjer å spesialisere seg i norsk eller matematikk må ha minimum 60 studiepoeng i emnet frå før, seier Haug.
EIT OFFENSIVT FAGMILJØ
Med etablering av ei ny mastergrad ønskjer fagmiljøet å vere framtidsretta.
─ Politiske signal tyder på at det vil kome eit krav om mastergrad i lærarutdanninga i nær framtid. Dette er noko å vurdere på for dei som er i tenkeboksen, seier Helset.
Instituttleiarane håpar at den nye masteren vil appellere til fleire.
─ Lærarar og førskulelærarar som tar masterutdanning no, har stort sett vore i arbeid ei stund. Tilbodet til desse gruppene står ved lag. Med den nye masteren håpar vi i tillegg at fleire vel å ta master som ein del av grunnskulelærarutdanninga, avsluttar dei tre instituttleiarane.