Nasjonalt råd for lærarutdanning i Volda
Nasjonalt råd for lærarutdanning er eit sektorovergripande organ som har som oppgåve å samordne og styrke norsk lærarutdanning, og forsking innafor lærarutdanningsfeltet.
I rådet sit representantar frå alle statlege utdanningsinstitusjonar som gir ei eller fleire av dei sju hovudtypane lærarutdanning; førskolelærarutdanning, grunnskolelærarutdanning 1-7 og 5-10, faglærarutdanning, yrkesfaglærarutdanning, femårig integrert lærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg er NRLU sett saman av studentrepresentantar, eksterne representantar og observatørar, til saman i overkant av 40 personar. Rådet møtes tre gongar i året.
Programmet i Volda startar onsdag 22. mai med eit seminar om organiseringa av arbeidet med nasjonale retningslinjer for lærarutdanning. Det blir også debatt om lærarutdanninga i det 21. hundreåret. Innleiarar er professor Peder Haug (HVO) og skulesjef i Herøy kommune Sølvi Lillebø Remøy.
Dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO Arne Myklebust og Knut Patrick Hanevik. Hanevik er dekan ved Avdeling for lærerutdanning og internasjonale studier ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Han har sidan 2007 vore leiar av Nasjonalt råd for lærarutdanning.