Når studentane tar over skulen
Nina Iren Rogne, Ingvild Svinø og Rakel Hjelseth får utfordra seg i skuleovertakinga.
Denne veka har om lag 30 av tredjeårsstudentane ved grunnskulelærarutdanningane på Høgskulen i Volda tatt over Vartdal skule, og hatt ansvar for undervisning og oppfølging av elevane. Skuleovertakinga er ein del av paksisen deira i vår. Lærarane er der første og siste veka, men i den andre veka skal studentane klare seg sjølve.
─ Vi har plutseleg ansvar for alt, og situasjonen blir veldig reel. Det er veldig nytt for oss, for vi har alltid hatt rettleiing frå praksislærar. No rettleier vi i stor grad kvarandre, og har stort utbytte av å følgje dei andre studentane si undervisning, seier Rogne.
Kvar klasse har eit team på to til fire studentar som har ansvar for klassen og all undervisning. Dei har forholdt seg til halvtårsplanar og lagt opp vekeplanar og undervisning etter dette.
─ Vi må dekke alle fag i skulen, og får utfordra oss sjølve i fag som vi ikkje har på høgskulen. Eg underviser til dømes i tysk her, seier Rogne.
No når studentane har tatt over skulen er det Marita Kråkenes som har fungert som rektor for barneskulen og Unni Krogsæter for ungdomsskulen. Saman har dei også inspektørrolla og utgjer leiartemaet på Vartdal skule.
LEIARTEAM
Marita Kråkenes og Unni Krogsæter utgjer leiartemaet på Vartdal skule denne veka, og fyller rollene som inspektør og rektor, for henhaldsvis barneskulen og ungdomskulen.
─ Vår oppgåve denne veka er å ordne opp dersom det skulle skje noko, men studentane her er veldig sjølvgåande og tar tak i ting sjølve. Så vår rolle har eigentleg vore å hatt eit overblikk, og leie morgonmøte og ettermiddagsmøte. Eg synest at studentgruppa har utvikla seg mykje denne veka vi har vore her aleine, og eg trur dei synest det er veldig kjekt, fortel Krogsæther.
Ho ser på skuleovertakinga som eit svært godt høve til å få innblikk i læraryrket og høgare stillingar på skulen, og håpar at det er ei moglegheit også seinare lærarstudentar vil få.
─ Det er kjekt å prøve seg i ei høgare stilling. Men på ein måte skulle ønskje at dei andre studentane ikkje var så flinke til å ordne opp sjølve slik at eg fekk litt fleire utfordringar, seier Krogsæther og smiler.