Lærarutdanning = jobb

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

–  Ein mangel på nesten 40000 lærarar  om 10 år er alvorleg. Som samfunn har vi høge ambisjonar for skulen vår. Noreg treng engasjerte, velutdanna og flinke fagfolk. Vi snakkar ofte om at det er Oljefondet som skal berge oss i åra framover. Men det er barn og unge som er vår viktigaste kapital – dei er det sentrale fondet som skal bere og utvikle samfunnet vårt inn i framtida. Her trengs det gode fondsforvaltarar – her trengs det gode barnehagelærarar og grunnskulelærarar. Desse signala må dei unge få, seier dekan Myklebust.

 05d76cf97e040d7b953b6c64c5159d85– Med ei lærarutdanning vil ein vere etterspurd arbeidskraft til trygge jobbar over heile landet, seier dekan Arne Myklebust.

Kvalitet

Når det gjeld kvaliteten på lærarutdanningane, viser ein rapport frå Følgjegruppa for innføring av dei nye grunnskulelærarutdanningane at dei mindre og mellomstore  lærarutdanningane skårar langt betre enn dei støste utdanningsinstitusjonane.

47f7702eed980e6c86a9a48faecaed78Det er ei spennande og meiningsfull oppgåve  og skulle legge til rette for vekst og utvikling for den oppveksande slekt. Ein kan vel knapt tenkje seg noko viktigare.

– Rapporten slår med andre ord fast at det er ingen grunn til å reise til dei største utdanningsinstitusjonane dersom det er kvalitet du jaktar på, seier dekan Arne Myklebust.

Om lærarutdanningane i Volda

Over 2000 studentar ved Høgskulen i Volda går på utdanningar retta mot barnehage og skule. Desse utdanningane er grunnskulelærar- og barnehagelærarutdanningar på heiltid og deltid, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), masterutdanningar, fleire skuleretta fagutdanningar på deltid og nett.

Les meir om lærarutdanningane i Volda.

Del på