LÆRARSTUDENTANE TAR OVER SKULEN
Solveig Hurlen, Eskild Valsø Lied og Jo Fredrik Øiamo utgjer leiarteamet på Bratteberg skule.
I tre veker tar lærarstudentar frå Høgskulen i Volda over undervisning og leiing ved skulen, og får dermed ansvar for om lag 250 elevar. Eskild Valsø Lied, Jo Fredrik Øiamo og Solveig Hurlen utgjer leiarteamet på Bratteberg skule i vekene studentane tar over skulen. Lærarane er der første og siste veka, men i den andre veka skal dei klare seg sjølve. Til saman er dei om lag 40 studentar frå 3. klasse, og ei blanding av dei som tar grunnskulelærarutdanning for 1.-7. klasse og for 5.-10. klasse.
─ Undervisninga er lagt opp slik at studentane enten får starte på eller avslutte eit kapittel på dei tre vekene dei er der, og i mange fag er det slik at dei klarar å komme igjennom eit kapittel på denne tida. Elles står dei fritt til korleis dei vil legge opp undervisninga, seier Hurlen.
LÆRAR FØR INSPEKTØR
Lied, Øiamo og Hurlen ser på det å vere i leiarteamet som ei god erfaring, men ønskjer seg ikkje ei slik rolle i arbeidslivet med det første.
─ Det er veldig spennande, og veldig utfordrande. Vi har arbeidsoppgåver som vi ikkje har sett for oss omfanget av. Det er heile tida ukjente faktorar, og vi må sørgje for at alle typar omsyn er ivaretatt. Dermed blir dagen til undervegs. Det er greitt å få prøve seg i leiarteamet, men foreløpig er eg såpass rastlaus at eg vil vere i klasserommet, seier Lied som har fordjupa seg i musikk og idrett.
─ Vi får ei unik innsikt på alle trinna, men ser at det er greitt å vere lærar ei stund før ein blir inspektør, seier Hurlen.
Dei har alle eit godt inntrykk av lærarstudentane dei leiar i dei tre vekene.
─ Det er veldig flinke og engasjerte studentar. Mitt inntrykk er at alle er veldig seriøse og ønskjer å gjere ein god jobb, seier Lied.
LÆRARANE PÅ KURS
Medan studentane tar over skulen nyttar lærarane tida til sosialt samvær i London og kurs i leseopplæring og spesialpedagogikk. Dei andre tilsette ved skulen er framleis tilstade, og kontordama og assistentar er til stor nytte for studentane.
─ Vi har eit svært godt samarbeid med assistentane, seier Hurlen.