Kommunane på lærarjakt

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

96c89b8887f59eb8be2643a457b06e94e2ea06f2

Studieleiar ved Almennutdanning Odd Helge Tonheim

Noreg toppar statestikken for lærarar over 55 år samstundes som andelen lærarar under 30 år er kraftig redusert på 10 år. Resultatet er at det er for få lærarar til å ta over når dei eldre går av med pensjon. Dette gjer at framtidige arbeidsgjevarar må vere om seg for å kapre lærarstudentane. «Ut i jobb-dagen», som er eit samarbeid mellom GNIST, GLØD og Høgskulen i Volda, er ein møteplass for lærarstudentane og potensielle arbeidsgivarar.

- Presset etter kvalifiserte lærarar byrjar å vise seg. «Ut i jobb-dagen» er difor ein god måte for kommunane å kapre studentar, og samstundes for studentar å orientere seg i jobbmarknaden, seier studieleiar ved Allmennutdanning Odd Helge Tonheim.

 eef82feaa73dd87b8bc7217b1f4f5b14ac026aa9

Marthe Tømmerbakk og Sara Oline Ringstad var ambassadørar for Ulstein kommune

KREATIV KAMP OM LÆRARSTUDENTANE

Med 25 stands på årets «Ut i jobb-dagen» var det naudsynt for potensielle arbeidsgivarar å vere kreative for å skilje seg ut. Ulstein kommune valde å ta med seg Marthe og Sara på 11 år for å dele ut brosjyrar til studentane. Skulane i Ulstein kommune har kvalifiserte lærarar og god søknad, men konsulent ved oppvekstkontoret Hilde Gry Leer-Salvesen ser for seg at situasjonen kan endre seg i åra framover og at behovet for lærarar også her vil melde seg. Lærarar med kompetanse innan grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæring, språk i ungdomsskulen og spesial pedagogikk vil det vere behov for i framtida. Ulstein kommune er i sterk vekst og har ei stor elevtalsauke som følgje av dette. Som «Noregs mest attraktive stad» i 2012 har Ulstein mykje å freiste lærarstudentane med:

- Vi kan tilby gode jobbar og varierte arbeidsoppgåver.  Vi har nye skular og alle lærarane har eigne kontor.

Leer-Salvesen understrekar viktigheita av at lærarutdanningane finnast ved HVO. Mange av lærarane i Ulstein kommune har tatt si utdanning ved høgskulen, og det er ein god måte å få dei nyutdanna ut i kommunane. Det er også viktig å ha eit tilbod om etterutdanning, og kommunane i Søre Sunnmøre har kvart år eit samarbeid med HVO om dette.

 08a715b8943b026594a94dc858292ef2d9570781

Maria Langeland og Emelie Lindgren 

EIN NYTTIG DAG

Førskulelærarstudentane Maria Langeland og Emelie Lindgren synes «Ut i jobb-dagen» er eit godt tiltak for å få informasjon frå forskjellige kommunar.

- Dei var veldig flinke til å ta i mot oss og prate med oss. Det blei litt mykje på ein gang, så det er veldig greitt å få med seg brosjyrar som ein kan sjå i etterpå, seier Langeland. Dei er begge frå Sogn og Fjordane og tenker seg tilbake til heimfylket på sikt.

ca018eddc65c3c60589c346a0015f0b60ae70870

Tore Bjørnstad, Knut Erik Bjørklund og Line Risholm Velle

HAR TRU PÅ FRAMTIDA

Tore Bjørnstad, Knut Erik Bjørklund, Line Risholm Velle studerar alle ved lærarutdanninga på HVO. Tore Bjørnstad har alltid sett for seg å bli lærar, og å få arbeide med ungar er hovudårsaka. Han ønskjer å få jobb utanfor Møre og Romsdal når han er ferdig med utdanninga. Det same gjer Bjørklund og Risholm Velle. Lærarstudentane ser på framtidige jobbmoglegheiter som svært gode, og mogelegheita til å jobbe kor som helst er ein klar appell.

- Du er garantert jobb, eller i alle fall eit saftig vikariat, seier Risholm Velle med eit smil.

Sjå også Sunnmørsposten sin reportasje om «Ut i jobb-dagen» her.

Del på